Juridisk
Vilkår og personvern
Om seljaren
Nettbutikken luddeliten.no vert driven av Enovate AS, org.nr 985 471 029. Enovate AS er seljar og avtalepart ved alle kjøp i butikken. Kontakt oss på hei@luddeliten.no.
Betaling og MVA
Betaling skjer via Stripe. Kvittering og faktura vert sende automatisk til oppgitt e-post. Alle prisar er oppgitte inkludert meirverdiavgift.
Mva-satsen varierer med kva du kjøper: bøker og trykte oppskriftshefte er fritekne for mva (mval. § 6-4 første ledd), og digitale utgåver av desse er fritekne som e-bok (mval. § 6-4 fjerde ledd). Garn, bamsar, tilbehøyr og enkeltoppskrifter har 25 % mva. Kjøper du ein samlepakke med både bok og varer, vert pakken splitta i eigne ordrelinjer med rett mva-sats på kvar linje. Fordelinga er spesifisert i kassa, på kvitteringa og på fakturaen frå Stripe.
Frakt
Fysiske varer vert sende innanfor Noreg med PostNord. Normal leveringstid er 5–6 virkedagar etter registrert betaling. Pakkane vert sende til hentestad eller postkasse etter storleik, og du får eit sporingsnummer på e-post når pakken er sendt frå oss. Fraktprisen vert rekna ut i kassa.
Vi sender ikkje til utlandet i dag. Er ein pakke ikkje henta innan fristen frå PostNord, kjem han i retur til oss, og vi trekkjer frakt begge vegar ved refusjon.
Angrerett på fysiske varer
Du har 14 dagars angrerett frå du fekk varen, jf. angrerettlova. Gi oss melding på hei@luddeliten.no før du sender noko i retur, så avtaler vi det praktiske. Du kan lese meir om rettane dine hos Forbrukartilsynet, og bruke det offisielle angrerettskjemaet (PDF).
- Varen må returnerast i ubrukt stand og i original emballasje.
- Kunden dekkjer returfrakta, og har ansvaret for pakken til vi har fått han.
- Vi betaler tilbake kjøpesummen inkludert billegaste standardfrakt innan 14 dagar etter at vi har fått varen eller sporing som viser at han er send.
- Legg ved ordrenummeret i pakken, så finn vi bestillinga raskt.
Reklamasjon
Er noko feil eller skadd ved mottak, ta kontakt så snart som mogleg – gjerne med bilete. Du har reklamasjonsrett etter forbrukarkjøpslova. Blir vi ikkje samde, kan du klage til Forbrukarrådet.
Digitale oppskrifter
Digitale oppskrifter vert leverte som PDF via ei personleg nedlastingslenke som er gyldig i 90 dagar. Lenka er knytt til bestillinga di og skal ikkje delast. Mistar du fila, kan du kontakte oss.
Merking av fila: PDF-en du får er personleg merkt med namnet ditt, ordrenummeret og kjøpsdato. Merkinga gjer at ei fil som blir spreidd vidare kan sporast tilbake til kjøpet. Oppskrifta er berre til personleg bruk – vidaresal, deling, opplasting og publisering er ikkje tillate.
Ingen retur eller angrerett: Digitale filer kan ikkje returnerast eller bytast. Når du kjøper ei digital oppskrift, samtykkjer du til at leveringa startar straks, og du godtek at angreretten fell bort når nedlastinga er starta, jf. angrerettlova § 22 bokstav n.
Opphavsrett
Alle oppskrifter, bilete og tekstar høyrer til Luddeliten. Du kan strikke og selje ferdige plagg du har laga sjølv i mindre omfang, men sjølve oppskrifta kan ikkje kopierast, delast eller seljast vidare.
Personvern
Vi lagrar berre det som er nødvendig for å levere bestillinga di: namn, adresse, e-post, telefon og eventuelt firmanamn. Betalingsopplysningar vert handsama direkte av Stripe og vert aldri lagra hos oss. Frakt- og sporingsopplysningar vert delte med PostNord for å få pakken fram.
Ved kjøp av digitale oppskrifter skriv vi namnet ditt, ordrenummeret og kjøpsdatoen inn i sjølve PDF-fila. Vi registrerer òg tidspunkt, IP-adresse og nettlesar for kvar nedlasting. Formålet er å verne opphavsretten vår (rettkommen interesse, GDPR art. 6 (1) (f)). Merkinga er synleg berre for deg og for oss, og vi publiserer aldri opplysningane – men merk at namnet ditt følgjer fila dersom du deler henne vidare. Nedlastingsloggane vert sletta seinast 12 månader etter kjøpet, og bestillingsdata vert lagra så lenge bokføringslova krev det (5 år).
Behandlingsansvarleg for personopplysningane er Enovate AS (org.nr 985 471 029).
Du har rett til innsyn, retting og sletting. Ta kontakt på hei@luddeliten.no.
